hjelp?
av Ida nr.1 | 27.01.2012, 13:15 |
Jeg lurer på om noen har gode forslag til tegneserier jeg kan analysere og skrive om i en norskoppgave? Den skal være ganske omfattende, på 4000 ord, så jeg ser etter tegneserier det er mulig å skrive mye om xD Hvis det er tegneserier jeg kan sammenligne er det også bra c:
Del på Facebook | Del på Twitter
3 kommentarer
Olaf skrev:
«Asterios Polyp» av David Mazzuchelli er min første tanke. Det er så vanvittig mykje å analysere i den historia. Eventuelt ville eg kanskje ha gått for noko av Alan Moore - Watchmen eller League of Extraordinary Gentlemen, kanskje. Hadde nok òg vore mogleg å sjå på Maus av Art Spiegelman. Trur at alle desse bør det vera mogleg å skrive ganske mykje om. Men eg ville ha anbefalt Asterios Polyp. Bor du i Stavanger? Boka er isåfall inne på biblioteket på Sølvberget.
Eller må det vera ein norsk teikneserie?
27.01.2012, 13:30:08
Ida nr.1 skrev:
Takk! Den har jeg aldri hørt om, men jeg skal låne den snarest. Utifra wikipediartikkelen virker den som perfekt norskoppgave-mat :)
27.01.2012, 13:35:36
Knut R Knutsen skrev:
Spørsmålet er kva interesser du har og difor kva informasjon du har eller kva framgangsmåte som passar deg best.
Maus lar deg takle Holocaust, forholdet mellom overlevande og deira etterkomarar, problematisering av antropomorfisering, bruken av Nynorsk som teikneseriespråk (sidan Maus er ei av dei sjeldne bøkene som først vart oversett til nynorsk). Men strukturelt sett og i forhold til resten av formspråket er den ganske enkel og ligger meir opp til at ein kan bruke begrepsapparatet til prosa.
Watchmen lar deg problematisere superheltar som konseptet, takle ein del eksistensielle spørsmål, politiske idear og drøfte det moralske dilemmaet til Rorschach på slutten. Den lar deg og gå djupare i forskjellige narrative lag (historie inni historie), kompliserte overgangar og repeterande bilete og korleis desse styrkar historien. Denne lar deg jobbe med kompliserte ting både tekstleg og biletleg.
Mykje av dybden i Asterios Polyp ligger i bruken av skiftande fonter, stilartar, fargar og teknikkar for å uttrykke subtekstuell handling og kjensler. Sjølve historien kan skrivast mykje om, men det er hovudsakleg det grafiske her som gir deg spelerom til tolking.
League of Extraordinary Gentlemen er eit godt utgangspunkt for ei oppgåve så lenge ein er nokonlunde kjent med bøkene Moore refererer til, samt Philip Jose Farmer sitt "Wold Newton Family" konsept, som i stor grad er inspirasjonskjelda for denne typen historier. Der kan ein snakke om intertekstualitet og rolla bruken av Public Domain karakterer har i litteraturen.
Som sagt, så er det viktig å vite kva ein interesserer seg for og kva ein har ork til å bruke tid på. Alle desse bøkene, til dømes, krever mykje arbeid for å tolke og lese seg rundt (dvs lese bøker rundt emna i bøkene). Om Moore så er der i tillegg skrive ein del bøker, og der er minst ei bok om Maus - Meta Maus, pluss dokumentarar om Moore og Spiegelman tilgjengeleg på DVD.
27.01.2012, 16:47:27